A Travellerspoint blog

Uluru, Kata tjuta & Kings Canyon

sunny 38 °C

Da var me ferdige med austkysten (for denna gong!), og den nye destinasjonen var alice springs. Det første som møtte oss var mange fluger som prøvde hardt å komma seg inn i både munn, øyre og nase.. Me fekk etterkvart veta at dette var fordi det var så tørt her, at dei søkte mennesker for fuktighet.

Alice Springs var ein veldig liten plass, og ikkje mykje å sjå, bortsett fra at me fikk vårt første møte med den aboriginske kulturen. Det var veldig ulikt det me forventa. Me fekk beskjed om å halda oss unna om kveldane, då mange var veldig alkoholiserte.

Men grunnen til at me var her var for å besøka Ayers Rock (Uluru). Me hadde meldt oss på ein tredagars tur som inkluderte fleire ting. Første dag reiste me til Ayers Rock, der me gjekk rundt og fekk høyra mange spennande historiar om aboroginarane. Me avslutta dagen med champagne og solnedgang ved steinen. Utruleg fint å sjå at fargen endrar seg til dei forskjellige tidene på døgnet. Me var både spente og nervøse for å sova ute under open himmel, med tanke på alt av innsekt, slangar og slikt. Det enda opp med å bli den beste natta me hadde hatt, med frisk og god luft( i motsetning til å ligga på eit klamt rom saman med 8-12 andre..) me fekk utdelt kvar vår "swag", som er ein sovepose med madrass i! me vart vekt 04.30 så me fekk med oss soloppgangen, som var enda finare enn solnedgangen! Det går eigentleg ikkje an å beskriva med ord og bildi vise ikkje kor fint det eigentleg var.. Det må opplevast! ?

Dag to besøkte me ein plass som heiter Kata Tjuta. Det var ein hellig plass for aboroginarane, der dei utførte mange ritualer. Utrulig fint! Det var danna på samma tid og på samma måte som Ayers Rock, men bestod av fleire steinar. Me avslutta dagen med eit godt og kaldt bad og grilling rundt bålet. Veldig koslig! Me fekk smaka blandt anna kengeru( som var kjempegodt!) og kamel( ikkje fullt så godt..) me var veldig trøtte og sletne.. Og me vart ikkje akkurat så utkvilte av å stå opp 0430 denne morgonen også. Grunnen til det idag var at me skulle til Kings Canyon, og om det vart over 36 grader, fekk me ikkje lov å gå der pga heten. Me gjekk ein god runde over fjellet og fekk høyra mange historiar om planter og mennesker. Utsikten var heilt fantastisk!!

Etter Kings Canyon åt me lunsj, før me reiste tilbake til Alice Springs. Bussturen var lang, men delte opp i grupper og hadde trivia (quiz og utfordringar) på vegen. Vinnargruppa fikk spandert to mugga øl på afterpartyet me skulle ha samme kveld, så da kom sjølvsagt konkurranseinnstinktet fram ;) dessverre var nok eg og Hilde i gruppene som kom sist og nest sist, og måtte kjøpa vår eigen drikka.. Uansett så var både turen og afterpartyet seinare svært vellykka!

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

Posted by Hilkris 07:03 Archived in Australia Comments (0)

Cairns ?????

sunny 35 °C

Me hadde vore siste 4 dagar på austkysten her i Cairns. Her hadde me planar om å dykka, sidan her oppe har dei best tilgang til Great Barrier Reef. Her har me eigentleg ikkje gjort noko spesielt bortsett fra dykking og besøkt ein dyrehage.
Me hadde ein dagstur ut i revet, der me fekk prøva oss på to forskjellige felt. Me hadde berre betalt for eitt dykk, men det va så fantastisk at me kjøpte eit til! Me svømte med fiskar, inn i grotter og fekk ta på alt mulig.

Ellers i Cairns brukte me tid på slappa av.. Me låg i lagunen og rusle litt rundt.
Siste dagen reiste me i ein dyrepark. Va mange fine dyr der, men det å kosa med kengeruane var nok best! Me fekk sjå og ta på mange typisk australske dyr som slangar, koala bjørn og krokodiller. Veldig gøy :-))

No e me i Alice Springs og skal på ein 3 dagars tur til Ayers Rock og rundt området som me ser verkeleg fram til! Satsa på at neste oppdatering kjem innan 4 veker ;-) hehe

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

Posted by Hilkris 04:52 Archived in Australia Tagged diving zoo cairns Comments (2)

Airlie Beach & Whitsundays

overcast 30 °C

Hei hei!
Etter ein mindre koselig busstur, der me vart nokon eigendelar mindre kom me fram til Arlie beach (på Kristine sin bursdag!! hurra). Det var ein liten koselig by, som me fekk utforska etter ein lang gåtur til nærmaste politistasjon :-)

Det var ei stor havn med mange fine båtar og kanskje den første byen me har vore i utan ei skikkelig strand. Me fekk høyra at det ikkje var ypperleg med bading her pga hai og dødelige manetar.. så istaden var det ein veldig fin lagune nede ved vatnet. Veldig fint om du ikkje er glad i å ligga på ei sandstrand.

Men grunnen til at med å reiste til denne plassen var fordi me skulle ut på ein 3 dagars segltur til nokre øyer kalla Whitsundays. Det område er spesielt kjent for ei strand som heiter Whitehaven beach, og uten å overdriva... Det var eit paradis! Sjølv om me var uheldige med overskya himmel, var det utruleg fint. Sanden der er så fin, at du her og kan pussa smykker, skrubba kropp og sånt med den. Den skal vera enda finare enn den på lake McKenzie!

Dag ein gjekk til å segla ut til øyene, eta veldig god mat og feira bursdagen til Kristine med alle på båten. Skikkelig gøy!! Spesielt sidan Kristine likar så godt å vera midtpunktet ;-) neste dag besøkte me den stranda, snorkla i revet ( Kristine såg hai!!) og hoppa fra båten. Og sidan me hadde booka ein festbåt så vart det fest den kvelden og.
Siste dagen reiste me til ein ny plass for å snorkla litt meir. Her var det enda finare og me såg mange kule fiskar. Me fekk tilbod om å dykka, men sidan me allereie hadde booka det i Cairns så bestemte me oss for å venta. Men ein utruleg fin tur, der me fekk nye venner, og må nevna at det var innmari god mat der :-)

Bilder fra whitehaven beach kjem seinare, fordi me brukte eit anna kamera der :-)image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

Posted by Hilkris 04:08 Archived in Australia Comments (0)

Noosa & Fraser Island

sunny 32 °C

Hei igjen!
Her kjem blogginnlegg nummer 2 på 15 min. Sitter for augneblinken i Alice Springs og har eit realt skippartak på blogginnlegg!
Etter Surfers tok me turen vidare opp til Noosa som var ein veldig sjarmerande liten plass, men tydelig ein charter plass for rikinga og eldre! Dagen etter at me ankom Noosa reiste me på ein arrangert to dagars tur til Fraser Island. Fraser er ei stor sand øy (den største i verden, truuuuur me ;) ) og er den einaste plassen der regnskogen vekser på sand! Øya var utruleg fin, og full av ferskvannsinnsjøar! Eine innsjøen me besøkte; lake Wobby, er omringa av store sanddyner og me fikk følelsen av å ver i ørkenen! Det var utrulig fint der! Me kom oss rundt på øya ved å køyra rundt i store jeepa, som køyrte både i sanddyner, på stranda og midt inne i regnskogen.
Me budde på eit resort, og på kvelden grilla me og hadde ein stor fest ilag med alle me reiste med. Lærte ein drit kul drikkeleik, så gled dikka til me kjem heim folkens ;-)

I tillegg til lake Wobby besøkte me også ei lita elv som me også bada i. Me begynte eit stykke oppe i elva og for nedover med strømmen til ein liten kulp i enden. Me var også og såg eit skipsvrak, og besøkte enda ein innsjø; lake McKenzie, som var minst like fin som lake Wobby! Sanden der er så fin at ein kan pussa smykker, skrubba seg med den og me såg til og med nokon som vaska håret?? med den!

Alt i alt var det ein super tur!

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

Posted by Hilkris 03:12 Archived in Australia Comments (0)

Byron Bay ✌️?☀️

sunny 30 °C

Hey!
Da ha me utsatt blogginga lenge nok, og sidan sist har me gjort utrulig mykje! Etter Sydney reiste me til Byron Bay, som er den mest fantastiske plassen me har vore på så langt! Byron Bay er ein liten plass som fortsatt er veldig inspirert av 70 tallet. Byron er veldig kjent for surfing, og difor valgte me å delta på ein surfecamp her. Det var veldig kult, og me budde delar av oppholdet vårt i ein telt camp i lag med resten av gruppa. Telta var innreda med senger, så me var ganske så letta over å sleppa "camping livet" ;-)
Å delta på surfecampen var veldig kjekt, ikkje berre fordi surfinga var utrulig gøy og me sjølvsagt vart super gode!! ;) men også fordi me fikk mange gode venner der og var ein fin gjeng!
Hostellet me budde på var veldig kult, og rundt på plassen gikk det kalkun lignande fuglar og mange Iguanar ! Iguanane var voldsomt glad i maten vår, så me opplevde støtt og stadig at ei eller to hoppa opp på bordet for å prøva å stikka av med den. Hostellet var også plassert litt inni regnskogen, så det var veldig frodig og grønt rundt oss.
Ellers gikk me ein lang tur opp til eit kjent fyrtårn, som også er det austligaste punktet i Australia. Litt kult å ha vore der og!
Siste dagen i Byron tok me ein dagstur til Nimbin; ein liten plass ikkje så langt ifrå Byron. Nimbin er kjent for å ver full av Hippiar, og for å ver VELDIG frisinna når det kjem til hasj! Om me hadde villa kunne me veldig lett fått kjøpt hasj og marihuana i alle slags former, men så snille og pliktoppfyllende som me er turte ikkje me prøva..hehe :)

Vidare reiste me til Surfers paradise, som var ein fin plass men ikkje verdt å nemna i forhold til alt anna me har sett og opplevd :))

xx K&Himage

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

Posted by Hilkris 02:16 Archived in Australia Comments (0)

(Entries 11 - 15 of 18) « Page 1 2 [3] 4 »