A Travellerspoint blog

Vietnam - Nah Trang, Dalat, Ho Chi Minh

sunny 35 °C

Etter fem dagar i Hoi An tok me turen vidare til Nah Trang. Her hadde me berre ein dag, og sidan Nah Trang er kjent for å ha ei fin Strand og bra festliv var det detta det gikk i. I tillegg til at me var med Cam og Cal møtte med og på Ro og Nadia som me møtte på Halong Bay Cruiset.
På kvelden reiste me ilag med dei på eit ølbryggeri der me fikk smaka mykje spennande.

Tidleg neste morgon var det sjølvsagt svært hardt å stå opp, men sida bussen vår til Dalat gikk klokka 7 om morgonen hadde me ikkje akkurat noko valg. Me reiste åleine til Dalat, då Cam og Cal skulle ha ei natt til i Nah Trang og deretter reisa til Mui Neh. Men sidan dei sjølvsagt synst me var så godt selskap valgte dei heller og også å reisa til Dalat. Første dagen då det berre var oss besøkte me utrulig nok ein botaniske hage, ein kjent tog stasjon og ein bygning som er kalla crazy house. Den botaniske Hagen og tog stasjonen var veldig fine, men me må innrømma at det var litt småkjedelig. Crazy house derimot var veldig kult! Det er kort fortalt eit hotell som er bygd med mange forskjellige tema på kvart av romma og bygningane. Ellers skulle me og på eit marked, men sidan det begynte å høljeregna reiste me heller tilbake til hostellet.
Me hadde eigentleg mange planar i Dalat, men heile oppholdet pøseregna det så me fikk eigentleg ikkje gjort så mykje..
Det mest nevneverdige må ver siste kvelden då me var me ein gjeng frå gjestehuset Cam og Cal budde på, på ein karaokebar. Det var ei av dei som eigde gjestehuset som vart kalla Crazy som tok oss med dit. Var ein veldig interessang opplevelse fordi vår gruppa fikk tildelt eit eige rom der me praktisk talt sang sing star heile kvelden! Var utruleg nok ganske gøy.

I Ho Chi Minh hadde me berre ein dag fordi det er berre enda ein storby, så me prioritert ikkje å bruka så mykje tid der. Alt me gjorde var eigentleg berre å gå rundt å sjå oss om på kvelden, og å eta. Ellers tok me ein buss derifrå dagen etter, over grensa til Kambodsja.

Posted by Hilkris 08:42 Archived in Vietnam

Email this entryFacebookStumbleUpon

Table of contents

Be the first to comment on this entry.

Comments on this blog entry are now closed to non-Travellerspoint members. You can still leave a comment if you are a member of Travellerspoint.

Enter your Travellerspoint login details below

( What's this? )

If you aren't a member of Travellerspoint yet, you can join for free.

Join Travellerspoint