A Travellerspoint blog

Vietnam - Hoi An

sunny 38 °C

Etter at me kom att frå Halong Bay, hadde me ei til natt i Hanoi før me skulle ta nattbussen til Hoi An. Det var da me var så heldige å møta på Cam og Cal (to guta frå Canada) på hostelrommet vårt, som me har reist med i Vietnam og delar av Kambodsja. Me tok som sagt nattbussen som skulle vara i 13 timar, og endte med 24. Typisk Vietnam... I tillegg til detta vart me vekt 2 timar før me skulle gå av bussen av Gangnam style på full guffe. Ikkje nok med det, men me fekk og høyra fleire versjonar på repeat dei siste to timane. Jippiiiiii.
Men til tross for det var det absolutt verdt det, for Hoi An var heilt fantastisk!! Toppa lista av plassa me har vore på! Utrulig sjarmerande plass, med små trange gater og skreddarar på kvart hjørne. Me fikk sydd oss kvarsine to kjolar, for Hoi An er kjent for å ver flinke på det området.
Eine dagen reiste me for å prøva ut maten på mat markedet, og det endte med at me vart stamkundar hjå ei utruleg søt og snill dama. Oh damn she can cook!
Var veldig trist siste måltidet vårt før me skulle ta bussen vidare, då ho grein og klemte på oss...
Me har og tilbringt nokon dagar på strandi i Hoi An, som var veldig fin! Me hadde store plana om å spela beachfotball, og kjøpte fleire ballar (fordi me alltid gløymde dei igjen plassar), men det vart det likevel ikkje noko av.. Endte alltid med å slappa av og bada isteden.
Det så var så fint med Hoi An var at me kunne leiga oss sykler for $1 dagen, så me slapp å gå. For det er jo så forferdelig tungt..
Ellers kunne me og leiga scooterar, noko Kristine og Hilde prøvde seg på. Me kjørte litt rundt på landet for å sjekka ut kvar dei lokale budde, og kjørte til ei ny strand som låg lengre vekke og som var enda finare. Der koste me oss og slappa av, heilt til me skulle eta og dama me lengde solsenger av klikka fordi me ville eta på ein anna restaurant enn hennas. Ho stod sikkert i ein halvtime og skreik til oss og prøvde å riva menyen vår utav hendene våre. Alt endte heldigvis bra da ein gjeng lokale samla seg rundt bordet for å støtta oss. Ho var lite blid og slo hardt i bordet vårt før ho endelig stakk.
Ellers var det veldig lett å reisa ut, sidan ein betalte 80 øre for Fresh Bia! (Øl) var ei forhåndsvis god øl, og smakt sjølvsagt ekstra godt når det var så billig! Var og veldig kjekt fordi me var ein veldig stor gjeng! Me merka og veldig godt at dei plassane me har møtt mest kule og greie folk, er og dei plassane me har likt best.

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

Posted by Hilkris 08:41 Archived in Vietnam

Email this entryFacebookStumbleUpon

Table of contents

Be the first to comment on this entry.

Comments on this blog entry are now closed to non-Travellerspoint members. You can still leave a comment if you are a member of Travellerspoint.

Enter your Travellerspoint login details below

( What's this? )

If you aren't a member of Travellerspoint yet, you can join for free.

Join Travellerspoint