A Travellerspoint blog

Kina - Zhangjiajie & Shanghai

semi-overcast 22 °C

Me ankom Zhangjiajie tidleg om morgonen, og var dødtrøtte fordi me valgte å ikkje sova før flyet vårt reiste frå Beijing, sidan det gikk veldig tidleg på morgonen. Likevel hadde me lyst til å få mest ut av tiden vår her, og valgte å reisa inn til nasjonalparken rett etter at me sjekka inn. Nasjonalparken er kjent for utrulig kule fjell og fin natur, og det å reisa hit er noko me bestemte oss for tidleg i planlegginga. Parken er spesielt kjent for at fjella ein ser på filmen Avatar er tatt her i frå (minus svevingen i lufta sjølvsagt) ;). Me kjøpte oss kart og tredagarspass til parken, og gikk ein tur på eit par timar nede i ein dal mellom fjella. Var utruleg fint, og me var dødsheldige med vêret!
Dag 2 sto me tidleg opp og gjorde oss klare til ein lang dag i parken. Resepsjonisten på hostellet vårt var utruleg hjelpsom, og tegna inn ei lang ruta på kartet vårt, der me fikk med oss mesteparten av det som var verdt å sjå. Me begynte turen vår med å ta ein glasheis som gikk heile vegen opp på toppen av eit av fjella, og deretter gikk me vidare innover. Utsikten frå toppen var heilt magisk, og veldig ulikt alt me har sett før! Vidare gjekk me på ein lang steinveg, med mange utsiktspunkt. Heile vegen hadde me fantastisk utsikt, og me berre gikk å slappa av og åt oppkutta frukt som me kunne kjøpa langs vegen. Eine utsiktspunktet viste også akkurat dei fjella som blir vist i Avatar. Lokalbefolkningen spela veldig på det, og du kunne betala ein liten slant for å få ta bilde med ein stor avatarstatue, eller sitta på ryggen til ein av dei flygande "skapningane" som er i filmen. Noko me sjølvsagt synst var verdt å bruka pengane våre på ;-) Vidare gikk me sikkert ein million trappetrinn for å komma opp på eit av dessa høge spisse fjella, og det var absolutt verdt det! Der som alle andre plassar var det heilt fantastisk utsikt! Det siste me gjorde den dagen var å ta bussen vidare inn til Tianzi mountain, som var ein liten plass med kafear og diverse på toppen av ein av fjella. Me åt eit ok- måltid (chicken nuggets på McDonalds som utrulig nok var der oppe, fordi me var drit lei Kina mat), såg litt meir på utsikten og tok enda fleire bilete. Deretter tok me bussen vidare opp til ei togbana som skulle ta oss ned igjen. Me og mange andre kom dit tydlegvis litt for seint, og dei hadde akkurat stengt bana.. Likevel solgte dei oss billettar, og me stilte oss i kø med resten av gjengen og håpte (rekna med) dei opna den igjen. Der stod me i rundt ein time.. før dei heldigvis opna den igjen og me kom oss ned att.
Tredje dagen var Hilde dessverre sjuk, og måtte stå over Tianamen mountain. Kristine tok likevel turen, og reiste inn til Zhangjiajie der det gikk ei veldig lang togbana opp på toppen. Var veldig fint vêr, og igjen veldig fin utsikt! På toppen gikk det vegar som var bygd langs fjellsida av fjellet. Du gikk altså på ei plata som stod rett ut, og under gikk det rett ned! Dela av vegen var og i glas, så ein kunne sjå nedover fjellsida.
Dagen etter tok me eit tjue timars tog til Sjanghai. Hadde heldigvis senger så var ikkje så ille, sjølv om me uheldigvis hamna i samme lugar som ei einsleg mor med unge... Dei forsvann tidleg neste morgon, så fikk iallfall litt ro før me var framme :)

Når me ankom togstasjonen i Shanghai fann me ut at me hadde gløymt å skreve ned adressa og namnet på hostellet me skulle bu på, så me måtte prøva å finna oss ein plass med internett for å finna det fram. Men med vår gode karma løyste alt seg av seg sjølv, og ei tsjekkisk jenta som studerte i Kina lurte på om me trengte hjelp. Deretter fann me vegen til hostellet med dei desidert dårlegaste sengene me nokon sinne har prøvd! Var som å ligga på golvet... Ellers var hostellet veldig fint, med cafe og store fine bad!
Me brukte dei tre dagane me hadde der på å slappa av, sjå byen, feira bursdagen til Hilde med god mat og kino og me måtte og sjølvsagt få med oss Liverpool slå Manchester City på ein sportspub! Hadde alt i alt nokon fine daga der! Kjempefin og rein by, som var mykje meir moderne enn Beijing. Men me vil nok heller anbefala Beijing framfor Shanghai fordi det var eit mykje meir kinesisk og koselig preg over byen.

Zhangjiajie

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

Shanghai

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

Posted by Hilkris 04:33 Archived in China

Email this entryFacebookStumbleUpon

Table of contents

Be the first to comment on this entry.

Comments on this blog entry are now closed to non-Travellerspoint members. You can still leave a comment if you are a member of Travellerspoint.

Enter your Travellerspoint login details below

( What's this? )

If you aren't a member of Travellerspoint yet, you can join for free.

Join Travellerspoint