A Travellerspoint blog

Singapore

Når me kom fram til Singapore fekk me ein god og etterlengta smak av Noreg. Me var så heldige å få bu hjå Wenche og Morten med familie ( Hilde sin familie) :-) Leiligheten deira ligger ute på øya Sentosa, som er eit veldig fint område utanfor sentrum av Singapore. Me vart tatt veldig godt vare på og fikk god norsk mat som brunost, heimelaga brød, lapskaus, taco og norsk kvitost!
Første dagen gjorde me ikkje så masse anna enn å slappa av heilt til dei kom heim fra jobb og skule, så åt me god mat og reiste seinare ut på brygga for å ta nokon drinka.
Dag to gjekk til å utforska handlesenteret i byen, og på kvelden reiste me med Oda ut på Arab street og seinare på Clarke quay.( bargata ) Me hadde det veldig kjekt og kvelden varte lenger enn planlagt :-)
Tredje dagen viste Oda oss rundt i byen og me fikk blant anna sett Little China og Orchard street.( shoppingsgata) På kvelden reiste me ut igjen i bargata der det kanskje vart litt for mange drinkar på nokon av oss.. Som eit resultat av gårsdagen gjorde me ingenting dagen etter, bortsett fra kino på kvelden. Me slappa av på Gold Class i store lenestolar medan me såg filmen Divirgent. Kino blir aldri det samma igjen..
Siste dagen vår reiste me på Universal Studios som tilfeldigvis var på same øy som me budde på. Der fekk me eit tilbakeblikk i barndommen og møta idol som Shrek, gjengen fra Sesam Street og Madagaskar. I tillegg tok me både spennande og mindre spennande karusellar. Nokon var me visst litt for vaksne for!
Så kom dagen for avreise, og plutseleg satt me på eit fly til Kina!
Me må igjen takka dykk Wenche og Morten, for at de var så snille med oss! Me har hatt mange fine dagar her i Singapore :-) image

image

image

image

image

image


image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

Posted by Hilkris 22:08 Archived in Singapore

Email this entryFacebookStumbleUpon

Table of contents

Be the first to comment on this entry.

Comments on this blog entry are now closed to non-Travellerspoint members. You can still leave a comment if you are a member of Travellerspoint.

Enter your Travellerspoint login details below

( What's this? )

If you aren't a member of Travellerspoint yet, you can join for free.

Join Travellerspoint