A Travellerspoint blog

Tredagars safari i Northern Territory + Darwin

sunny 34 °C

Tre dagars safaritur + Darwin

Etter ei siste natt i Alice Springs, sto me tidleg opp igjen for å reisa på ein tre dagars safaritur til Darwin. Første dagen stoppa me i Devils marbels, som er ein plass full av store runde steinar oppå kvarandre. Det var veldig kult å sjå, fordi det er vanskelig å forestilla seg korleis området er blitt til. Bortsett frå det stoppa me eigentlig berre på småe kafear og "historiske plassar" første dagen. Var litt småkjedelig og mykje busskøyring, men og litt interessant! Følte me kom lenger og lenger ut i ingenmannsland desto lenger me køyrte. Var litt sånn "ville vesten" opplegg!
Litt ut på kvelden annkom me ein campingplass der me skulle tilbringa første natti vår. Me fikk grillmat til kvelds, og spelte ein del kort og eit morsomt spel kalla; "whos the man" med resten av gruppa. Var ein veldig kul gjeng me reiste med! Sjølve natti har me dessverre ikkje så veldig mykje positivt å skriva om.. Sov ute i swags (eit slags liggeunderlag som du kan ligga inni?) og vakna med minst 100 myggstikk kvar! (Overdrive ikkje) Etter max 1 time rømte Kristine inn i den super varme bussen for å sova der, medan Hilde holdt ut kanskje 30 min lenger før ho fann seg eit telt å sova i.
Den andre dagen kjørte me veldig mykje, men stoppa på litt kulare plassa. Blant anna ved ein naturleg hot spring der me bada, og annkom sakte men sikkert sivilisasjonen igjen. Stoppa i Kathrine, der den andre campingplassen vår var. Merka at desto lenger opp me kom i Australia, desto fleire Aborginara var det. Var veldig spesielt å sjå korleis dei alltid gikk i store grupper, og hang rundt i sentrum og gjorde ingenting. Me fikk fortalt av guiden vår at detta var heilt naturleg for dei, fordi dei fortsatt har store vanskelegheitar med å tilpassa seg den vestlige levemåten.
Den andre campingplassen vår var betraktelig mykje betre enn den første, da me fekk småe hytter med MYGGNETT OG SENGER!! Luksus!
Dag tre var etter vår meining den beste dagen, da me stoppa i ein stor vatnkulp der me kunne bada, hoppa fra klipper og renna nedover straumen fra fossefallet. Små ting, store gleder! Hehe ;)
Ankom Darwin utpå ettermiddagen, og hadde eit afterparty med resten av gjengen på kvelden :)

Darwin er ein ganske liten by, men var veldig fint der! Ulempa var at det var utruleg varmt, og på denna tiden av året (regntid) er det veldig klamt i lufta. Første dagen rømte me derfor til eit kjøpesenter med aircondition, for å bruka litt peng..
Høgdepunktet med Darwin var eit krokodille cruise me var på, der me fikk sjå krokodiller hoppa og diverse på veldig veldig nært hold! Var i ein veldig liten båt, og fikk beskjed om å ikkje gjera brå bevegelsar da korkodillene kunne leggamerke til oss, og faktisk hoppa opp i båten.. Betryggande!
Samma dag var me i Litchfield nationalpark, der me såg og bada i nokre fine fossefall. Var veldig fint!
Darwin var siste plassen vår i Australia :-((((, og no er me i eit fly på veg til Indonesia. Småtrist og rart at Australia allereie er over, men me begge skal garantert tilbake hit ein gong, og ser fram til Asia!

image

image

53D1CDF62219AC6817C3C6113FAE3A16.jpg53D017502219AC6817C8C4BC1D46550E.jpg90_53C941332219AC6817FD0EB2890155C3.jpg53CE69792219AC68179C8E600343D4D0.jpgimage

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image


K&H

Posted by Hilkris 06:18 Archived in Australia

Email this entryFacebookStumbleUpon

Table of contents

Be the first to comment on this entry.

Comments on this blog entry are now closed to non-Travellerspoint members. You can still leave a comment if you are a member of Travellerspoint.

Enter your Travellerspoint login details below

( What's this? )

If you aren't a member of Travellerspoint yet, you can join for free.

Join Travellerspoint