A Travellerspoint blog

Vietnam - Nah Trang, Dalat, Ho Chi Minh

sunny 35 °C

Etter fem dagar i Hoi An tok me turen vidare til Nah Trang. Her hadde me berre ein dag, og sidan Nah Trang er kjent for å ha ei fin Strand og bra festliv var det detta det gikk i. I tillegg til at me var med Cam og Cal møtte med og på Ro og Nadia som me møtte på Halong Bay Cruiset.
På kvelden reiste me ilag med dei på eit ølbryggeri der me fikk smaka mykje spennande.

Tidleg neste morgon var det sjølvsagt svært hardt å stå opp, men sida bussen vår til Dalat gikk klokka 7 om morgonen hadde me ikkje akkurat noko valg. Me reiste åleine til Dalat, då Cam og Cal skulle ha ei natt til i Nah Trang og deretter reisa til Mui Neh. Men sidan dei sjølvsagt synst me var så godt selskap valgte dei heller og også å reisa til Dalat. Første dagen då det berre var oss besøkte me utrulig nok ein botaniske hage, ein kjent tog stasjon og ein bygning som er kalla crazy house. Den botaniske Hagen og tog stasjonen var veldig fine, men me må innrømma at det var litt småkjedelig. Crazy house derimot var veldig kult! Det er kort fortalt eit hotell som er bygd med mange forskjellige tema på kvart av romma og bygningane. Ellers skulle me og på eit marked, men sidan det begynte å høljeregna reiste me heller tilbake til hostellet.
Me hadde eigentleg mange planar i Dalat, men heile oppholdet pøseregna det så me fikk eigentleg ikkje gjort så mykje..
Det mest nevneverdige må ver siste kvelden då me var me ein gjeng frå gjestehuset Cam og Cal budde på, på ein karaokebar. Det var ei av dei som eigde gjestehuset som vart kalla Crazy som tok oss med dit. Var ein veldig interessang opplevelse fordi vår gruppa fikk tildelt eit eige rom der me praktisk talt sang sing star heile kvelden! Var utruleg nok ganske gøy.

I Ho Chi Minh hadde me berre ein dag fordi det er berre enda ein storby, så me prioritert ikkje å bruka så mykje tid der. Alt me gjorde var eigentleg berre å gå rundt å sjå oss om på kvelden, og å eta. Ellers tok me ein buss derifrå dagen etter, over grensa til Kambodsja.

Posted by Hilkris 08:42 Archived in Vietnam Comments (0)

Vietnam - Hoi An

sunny 38 °C

Etter at me kom att frå Halong Bay, hadde me ei til natt i Hanoi før me skulle ta nattbussen til Hoi An. Det var da me var så heldige å møta på Cam og Cal (to guta frå Canada) på hostelrommet vårt, som me har reist med i Vietnam og delar av Kambodsja. Me tok som sagt nattbussen som skulle vara i 13 timar, og endte med 24. Typisk Vietnam... I tillegg til detta vart me vekt 2 timar før me skulle gå av bussen av Gangnam style på full guffe. Ikkje nok med det, men me fekk og høyra fleire versjonar på repeat dei siste to timane. Jippiiiiii.
Men til tross for det var det absolutt verdt det, for Hoi An var heilt fantastisk!! Toppa lista av plassa me har vore på! Utrulig sjarmerande plass, med små trange gater og skreddarar på kvart hjørne. Me fikk sydd oss kvarsine to kjolar, for Hoi An er kjent for å ver flinke på det området.
Eine dagen reiste me for å prøva ut maten på mat markedet, og det endte med at me vart stamkundar hjå ei utruleg søt og snill dama. Oh damn she can cook!
Var veldig trist siste måltidet vårt før me skulle ta bussen vidare, då ho grein og klemte på oss...
Me har og tilbringt nokon dagar på strandi i Hoi An, som var veldig fin! Me hadde store plana om å spela beachfotball, og kjøpte fleire ballar (fordi me alltid gløymde dei igjen plassar), men det vart det likevel ikkje noko av.. Endte alltid med å slappa av og bada isteden.
Det så var så fint med Hoi An var at me kunne leiga oss sykler for $1 dagen, så me slapp å gå. For det er jo så forferdelig tungt..
Ellers kunne me og leiga scooterar, noko Kristine og Hilde prøvde seg på. Me kjørte litt rundt på landet for å sjekka ut kvar dei lokale budde, og kjørte til ei ny strand som låg lengre vekke og som var enda finare. Der koste me oss og slappa av, heilt til me skulle eta og dama me lengde solsenger av klikka fordi me ville eta på ein anna restaurant enn hennas. Ho stod sikkert i ein halvtime og skreik til oss og prøvde å riva menyen vår utav hendene våre. Alt endte heldigvis bra da ein gjeng lokale samla seg rundt bordet for å støtta oss. Ho var lite blid og slo hardt i bordet vårt før ho endelig stakk.
Ellers var det veldig lett å reisa ut, sidan ein betalte 80 øre for Fresh Bia! (Øl) var ei forhåndsvis god øl, og smakt sjølvsagt ekstra godt når det var så billig! Var og veldig kjekt fordi me var ein veldig stor gjeng! Me merka og veldig godt at dei plassane me har møtt mest kule og greie folk, er og dei plassane me har likt best.

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

Posted by Hilkris 08:41 Archived in Vietnam Comments (0)

VIETNAM - Hanoi og Ha Long bay

semi-overcast 33 °C

Me ankom flyplassen i Vietnam ganske nervøse når me såg at allr andre utenom oss hadde med seg visumdokument.. Me stilte oss i kø og kryssa fingrane og fekk etter litt beskjed om at me slapp å søka om me skulle vera i landet i 15 dagar eller mindre. ( ein avtale vietnam har med Noreg) deretter strevde me litt med transport inn til Hanoi pga komunikasjonsptoblem. Endte til slutt opp på ein buss for dei lokale, uten å riktig veta om me kom fram.. Heldigvis fekk me hjelp av ein snill mann på bussen, som etter at me viste han ein lapp med adressa vår, fortalte oss kva me skulle gjere.
Me hadde ein heil dag i Hanoi før me skulle til Ha Long Bay. Den dagen brukte me til å utforska byen. Gjekk på marked, kafeear og åt god mat :-) på kvelden reiste me ut møtte tre koselege folk fra Uruguay.
Neste morgon vakna me trøtte kl 6, for me skulle bli henta kl 7 for å reisa til Ha Long Bay. Etter 4 timar i buss vat me framme og kunne gå om bord på båten. Me fekk tildelt lugarar( som var heilt ok) og fekk ganske fort servert lunsj. Og så fekk me veta planane for dagen, som var kayaking og besøka ei grotta. Dessverre så tok me ikkje med oss mobil eller kamera, for det kunne bli blautt. Men kayaking mellom fjella var kjempefint, og grotta var over all forventning. Me trudde me kom inn i ei lita grotta, men den strekte seg langt inn i fjellet. Einaste minuset var at kajakturen var litt kort..
Når me kom tilbake fikk me god middag og seinare vart det fest. Guiden vår var den ivrigaste, og dreiv med det dei vaksne heime kallar drikkepress. Men det var veldig morsomt for me var ei fantastisk gruppa med folk fra Canada, Irland, England, Australia, Korea og Noreg.
Dag to var me dei to første opp til frukost, men la oss fort att etterpå og vakna opp til lunsj, der me laga vore eigne vårrullar. Kjempegodt!! Ellers hadde me forventa meir opplegg dag to enn berre eting og bussturen heim.. Men ellers var det ein kjempefin tur der me fekk mange nye venner!

K&H

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

Posted by Hilkris 01:22 Comments (0)

Hong Kong

sunny 25 °C

Me kom til Hong Kong seint på kvelden, så det einaste me gjorde når me kom fram var eigentleg å gå rundt og sjå. Ellers fikk me og eit etterlengta gjensyn med indisk mat, før me la oss for kvelden.
Dagen etter gikk me rundt i området med budde i, som ligger veldig sentralt. Gikk rundt på små marked, og i små koselige gater. Deretter tok me subwayen til Central, og Victoria harbour. Der gikk me rundt på the Avenue of stars som er ein asiatisk versjon av walk of fame. Då me berre hadde høyrt om Bruce Lee av alle stjernene der, var ikkje det så interessant. Men var fantastisk fin utsikt over mot Hong Kong Island si skyline (me budde på Kowloon Island). Typisk for utsikten der er at skyskraparane og bygningane går oppover fjellsida, som var ganske kult. Ellers var me også på eit space museum, som var interessant og lærerikt. Såg og ein film der om romvesen. Den handla om spørsmålet om det finst liv på andre planetar, og ute i rommet.
Dag to tilbrakte me på Honk Kong Island. Me gikk rundt i koselige gater, såg i butikkar og satt på kafear. Tiden gik veldig fort, og på kvelden tok me bussen opp til Victoria peak, som er eit utsiktspunkt oppe på eit av fjella. Var heilt fantastisk utsikt derfrå, og me fikk sjå alle skyskaraparane som lyste opp byen. Tok sjølvsagt mange fine bilete, før me tok turen ned igjen.
Siste dagen i Hong Kong tok me bussen inn til stanley, som er ein sjarmerande liten plass utanfor Honk Kong. Der hadde dei eit stort, koselige marked, ein fin promomade ved hamna med pubar og kafear. Me åt deilig italiensk pizza til lunsj, og storkosa oss. Seinare reiste me inn igjen til Hong Kong og koste oss litt meir på ein pub der.
No er me på veg til Vietnam, og me ser fram til å komma tilbake til real varme, strandliv og å oppleva nye ting! :) Kina og Hong kong har våre heilt fantastisk!

image

image

image

image


image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

Posted by Hilkris 04:37 Archived in Hong Kong Comments (0)

Kina - Zhangjiajie & Shanghai

semi-overcast 22 °C

Me ankom Zhangjiajie tidleg om morgonen, og var dødtrøtte fordi me valgte å ikkje sova før flyet vårt reiste frå Beijing, sidan det gikk veldig tidleg på morgonen. Likevel hadde me lyst til å få mest ut av tiden vår her, og valgte å reisa inn til nasjonalparken rett etter at me sjekka inn. Nasjonalparken er kjent for utrulig kule fjell og fin natur, og det å reisa hit er noko me bestemte oss for tidleg i planlegginga. Parken er spesielt kjent for at fjella ein ser på filmen Avatar er tatt her i frå (minus svevingen i lufta sjølvsagt) ;). Me kjøpte oss kart og tredagarspass til parken, og gikk ein tur på eit par timar nede i ein dal mellom fjella. Var utruleg fint, og me var dødsheldige med vêret!
Dag 2 sto me tidleg opp og gjorde oss klare til ein lang dag i parken. Resepsjonisten på hostellet vårt var utruleg hjelpsom, og tegna inn ei lang ruta på kartet vårt, der me fikk med oss mesteparten av det som var verdt å sjå. Me begynte turen vår med å ta ein glasheis som gikk heile vegen opp på toppen av eit av fjella, og deretter gikk me vidare innover. Utsikten frå toppen var heilt magisk, og veldig ulikt alt me har sett før! Vidare gjekk me på ein lang steinveg, med mange utsiktspunkt. Heile vegen hadde me fantastisk utsikt, og me berre gikk å slappa av og åt oppkutta frukt som me kunne kjøpa langs vegen. Eine utsiktspunktet viste også akkurat dei fjella som blir vist i Avatar. Lokalbefolkningen spela veldig på det, og du kunne betala ein liten slant for å få ta bilde med ein stor avatarstatue, eller sitta på ryggen til ein av dei flygande "skapningane" som er i filmen. Noko me sjølvsagt synst var verdt å bruka pengane våre på ;-) Vidare gikk me sikkert ein million trappetrinn for å komma opp på eit av dessa høge spisse fjella, og det var absolutt verdt det! Der som alle andre plassar var det heilt fantastisk utsikt! Det siste me gjorde den dagen var å ta bussen vidare inn til Tianzi mountain, som var ein liten plass med kafear og diverse på toppen av ein av fjella. Me åt eit ok- måltid (chicken nuggets på McDonalds som utrulig nok var der oppe, fordi me var drit lei Kina mat), såg litt meir på utsikten og tok enda fleire bilete. Deretter tok me bussen vidare opp til ei togbana som skulle ta oss ned igjen. Me og mange andre kom dit tydlegvis litt for seint, og dei hadde akkurat stengt bana.. Likevel solgte dei oss billettar, og me stilte oss i kø med resten av gjengen og håpte (rekna med) dei opna den igjen. Der stod me i rundt ein time.. før dei heldigvis opna den igjen og me kom oss ned att.
Tredje dagen var Hilde dessverre sjuk, og måtte stå over Tianamen mountain. Kristine tok likevel turen, og reiste inn til Zhangjiajie der det gikk ei veldig lang togbana opp på toppen. Var veldig fint vêr, og igjen veldig fin utsikt! På toppen gikk det vegar som var bygd langs fjellsida av fjellet. Du gikk altså på ei plata som stod rett ut, og under gikk det rett ned! Dela av vegen var og i glas, så ein kunne sjå nedover fjellsida.
Dagen etter tok me eit tjue timars tog til Sjanghai. Hadde heldigvis senger så var ikkje så ille, sjølv om me uheldigvis hamna i samme lugar som ei einsleg mor med unge... Dei forsvann tidleg neste morgon, så fikk iallfall litt ro før me var framme :)

Når me ankom togstasjonen i Shanghai fann me ut at me hadde gløymt å skreve ned adressa og namnet på hostellet me skulle bu på, så me måtte prøva å finna oss ein plass med internett for å finna det fram. Men med vår gode karma løyste alt seg av seg sjølv, og ei tsjekkisk jenta som studerte i Kina lurte på om me trengte hjelp. Deretter fann me vegen til hostellet med dei desidert dårlegaste sengene me nokon sinne har prøvd! Var som å ligga på golvet... Ellers var hostellet veldig fint, med cafe og store fine bad!
Me brukte dei tre dagane me hadde der på å slappa av, sjå byen, feira bursdagen til Hilde med god mat og kino og me måtte og sjølvsagt få med oss Liverpool slå Manchester City på ein sportspub! Hadde alt i alt nokon fine daga der! Kjempefin og rein by, som var mykje meir moderne enn Beijing. Men me vil nok heller anbefala Beijing framfor Shanghai fordi det var eit mykje meir kinesisk og koselig preg over byen.

Zhangjiajie

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

Shanghai

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

image

Posted by Hilkris 04:33 Archived in China Comments (0)

(Entries 1 - 5 of 18) Page [1] 2 3 4 »